|
Sidan «Hit Me Baby One More Time» for ti år sidan, har Britney Spears sitt liv gått i ein bølgjedal, med tapt foreldrerett og barbert hovud i botnen av dalen. Dei som hadde venta at hennar nye album «Circus» skulle gå opp og lage ein topp på kurven, må nok diverre vente litt til.
Greit nok - albumet er greit iscenesett, og er vel så typisk Britney som det får blitt. Dette trass i at ho har lagt den prektige Britney bak seg, og no spelar på ein slags «Eg er einsam kjendis, men alle vil framleis knulle meg»-greie. Kor smakfullt det er, er ei anna sak. «Circus» har noko snert og glam over seg, men all popkommersialismen og vokalforvrengninga blir kvalmande og fæl til tider.
Plata startar med hitlåta «Womanizer», som er ein veldig catchy song, og heilt sikkert har gjort seg fortent til plassen på VG-lista. Men etter dette kjem tre mindre catchy låtar, tittellåta «Circus», balladen «Out from under» og som nummer fire på det tretten låtar lange albumet, «Kill the lights». Når det gjeld «Out from under», har den rett nok potensiale til å lukkast som ein ballade, men låta blir som det meste anna på denne skiva drept av den kunstige, klissete, overproduserte vokalen.
Låtane som følgjer, «Shattered Glass» og «If you seek Amy», har begge to brukbart hit-potensiale, og gir plata eit lite løft, sjølv om det blir litt masete. Etter dette følgjer fire låtar så uinspirerande at eg ikkje har lyst til å nemne dei ytterlegare, og gjer det difor heller ikkje.
Song nr. 11, «Lace and Leather», er ei artig og funky låt, som forstyrrast litt av en paraodi på ein gitarsolo i midten. Etter dette følgjer eit kjærkome innslag: I songen «My baby» går Britney i seg sjølv, og leverer ein personleg historie om kvifor ho burde teke betre vare på borna sine. Songen blir nok ingen hit, men etter dei 11 fyrste låtane var det så godt med ein låt utan så mykje effektar, smurfevokal, dill og dall, at den til og med rørte meg. Ein fin, dog sukkersøt, ballade.
Plata avsluttast med bonuslåta «Radar», som ein og kunne høyre på Britney si førre skive. At ein brukar opp igjen ein låt frå forrige album, underbyggjer berre det faktum at dette er ei plate som er produsert for Britney, der hovudpersonen sjølv spelar ei lita rolle i materialet på skiva.
Ein konklusjon er at «Circus» er ei plate ein til nød kan leve med, men om Britney skal lukkast, burde ho kanskje satse på musikk DVD-ar der ho kan spele meir på kropp, glossy framtoning og sexy blikk. Som musikk blir dette for arrangert.
Bli den frste til kommentere denne artikkelen: J! Reactions • General Site License Copyright © 2006 S. A. DeCaro
|