| HHB best p etikk |
| Skrevet av Stian Johnsen | |||||
| mandag 01. desember 2008 | |||||
Etikk og samfunnsansvar i næringslivet er blitt eit viktig tema etter fleire avsløringar om korrupsjon, miljøkriminalitet, barnearbeid og andre etiske brot, både i Noreg og internasjonalt, den siste tida. Etikkekspertane Jørn Bue Olsen og Eva Aronsen har på oppdrag frå organisjasjonen Framtiden i våre hender gjort ei undersøking av 11 universitet og høgskular med økonomifag. Ei undersøking som gav nedslåande resultat.
Jørn Bue Olsen, som er rådgivar i leiing, prosjekt og etikk, lar seg forundre over resultata av undersøkinga. Han meiner høgskulane burde klare å integrere meir etikkundervisning i økonomi- og administrasjonsutdanninga. - Etikk burde heilt klart vore integrert i kursbeskrivinga ved skulane. Fleire høgskulerektorar meiner at studentane får nok etikk gjennom at det tilfeldigvis blir teke opp i ulike fag, men det har eg vanskeleg for å tru, seier Bue Olsen. Jørn Bue Olsen sin konklusjon er at det er for lite etikkundervisning ved dei fleste økonomiutdanningane, og peikar på Handelshøgskulen BI som eit eksempel der ein burde ha nok kompetanse og ressursar til å inkludere etikk på eit høgare nivå. Bodø best Av dei 11 testa utdanningsstadane, vil Bue Olsen godkjenne ei utdanning kva etikk angår. - Handelshøgskulen i Bodø inkluderar etikk og samfunnsansvar på ein god måte. Dei er på hugget, og har etikkundervisning som ein heilt klar del av kursbeskrivinga, skryt Bue Olsen. Pål Willumsen er førsteårsstudent ved bachelorstudiet i økonomi og administrosjon ved HHB, og kan bekrefte at dei har omfattande etikkundervisning. - Vi har eit eige fag som heiter FEM (filosofi, etikk og miljø), som utgjer ein femtedel av undervisninga. Vi har ikkje obligatorisk oppmøte, men etikk og samfunnsansvar er ein del av pensum, fortel Willumsen.
- Viktig Willumsen er klar på at kunnskapar om etikk er viktig for å kunne ta riktige val, å kunne velge etisk rett framfor å berre tenke profitt. - Vi har har lært om etiske modellar, og sertifiseringsordningar i bedrifter, og har brukt konkrete eksempel som ein del av undervisninga. Dette har eg opplevd som svært nyttig, fortel den 19-årige studenten. Pål Willumsen er ikkje overraska over at Handelshøgskulen i Bodø blir «godkjend» av ekspertane, men er i likskap med Jørn Bue Olsen forundra over den dårlige etikkundervisninga ved høgskulane elles i landet. Han påpeikar at Høgskulen i Bodø har eit eige senter for økologisk økonomi og etikk, og at ein av førelesarane ved økonomiutdanninga har utarbeida eit eige kompendum, tilsvarande ei lærebok, som er sett saman av viktige delar av andre lærebøker i etikk. |
|||||
| Sist oppdatert ( fredag 19. desember 2008 ) | |||||