Barnestjerne eller sexsymbol?
Publisert 08.10.2026 av Regine Boym, Vilde Jensen, Marthe-Lise Lein, Johanne Koivunen Hoff.
Kor viktig er image for deg?
Miley Cyrus er eit godt eksempel på ein person som har endra image på kort tid. Ho gjekk frå å vere ei uskyldig Disney-stjerne med langt brunt hår, til å bleike og klippe håret kort, stille opp på bilder med string-body og tunga ut. Dette har skapa sterke reaksjonar blant folk. Oppførselen hennar er også eit heftig diskutert tema. Kult, meiner nokon. Vulgært, meiner andre.
Vi i Tutti Frutti meiner image er viktig fordi det seier noko om korleis andre oppfattar deg. Image er viktig for alle, i meir eller mindre grad og på ein eller annan måte. Image er deg. Veldig mange bryr seg om korleis andre ser deg, både personlegdom og utsjånad.
Hør dagens podkast: