| No er alt duka for Junior |
|
| Friday 05. October 2007 | ||
Knut Tørum gjorde det så bra som hovudtrenar-vikar i fjor haust, at han fekk jobben permanent. Rosenborg er ikkje dei første som har gått i den fella, ved å satse på ein kar som eigentleg berre kan vise til eit halvt år med suksess. Her heime kom Petter Myhre i akkurat same situasjon. For det Rosenborg har prestert i år er ikkje rare greiene. Med omtrent det same mannskapet som tok gullet i fjor, er dei i år ein middelhavsfarar i eliteserien. No har Tromsø gått forbi, og Fredrikstad har same poengsum som trønderane – fire runder før slutt. 1-1 borte mot Chelsea gav nok Knut Tørum eit par ekstra vekar å roe nervane på. Men Tørum har ikkje sjans. Tørum er ein fornuftig kar og ein flink trenar. Men det hjelp ingenting, når det ruvar ein større og meir erfaren skikkelse i bakgrunnen. For det er opplagt at Knut Torbjørn Eggen blir den neste Rosenborg-hovudtrenaren. Etternamnet gir igjenklang på Brakka. Og Knut Torbjørn er ikkje berre sonen til faren sin. Han har også resultat å vise til. Med Eggen junior som trenar gjekk Fredrikstad på direkten frå 2.-divisjon til eliteserien. Og sjølv om fire strake sesongar der Fredikstad overraskande klarte å berge plassen kvar haust (Drillo var hovudtrenar nesten heile 2005) vart toppa av cupgull, måtte han gå. Hadde ikkje Rosenborg då alt gitt Tørum tilbodet om å bli hovudtrenar, hadde nok Eggen junior teke over roret der og då. For har dei ikkje alltid venta på det - at Knut Torbjørn skal ta over etter Nils Arne? Det er ingen grunn til å innbille seg noko anna. Knut Torbjørn kan nok gjere ein god jobb som sportsdirektør også, men kvifor henta Rosenborg inn Erik Hoftun inn som assisterande sportsdirektør? Svaret er enkelt: Hoftun skal ikkje vere assisterande sportsdirektør. Han skal vere sportsdirektør. - Han er freda til desember, sa Eggen om Tørum etter det pinlege tapet mot Fredrikstad. Då er det slutt. Då kan alle Rosenborg-supporterar glede seg. Igjen er det ein Eggen som skal styre det heile frå sidelina. Igjen er det ein Eggen som skal reise Europa rundt og sitere Ibsen. Det er ingen grunn til å innbille seg noko anna. |
||
| Sist oppdatert ( Friday 05. October 2007 ) | ||


