Gullet er heme PDF
Monday 01. October 2007

cimg0279
Endeleg er blod tjukkare enn vatn. Endeleg kan den tolvte mann vere den stolte mann. Gullet er tilbake der det var for 44 år sidan – i Bergen by.

HØR: FRA VENTUS STUDENTRADIO

For no feilar ikkje Brann. Dei har sju poeng på Viking, og det er att fire kampar. Mange tidlegare Brann-utgåver har kollapsa i innspurten. Det gjer ikkje denne. I 2007 er Brann Noregs beste fotballag. Det er ingen tvil. Slår du cupfinaleklare Lillestrøm 5-1 på Åråsen i seriefinalen, ja så er det slett ingen tvil.


Stabæk var best før sommarpausa. Alanzinho, Somen, Daniel og Veigar var best før sommarpausa. Men du må ha meir enn 4, og meir enn 11 gode spelarar for å ta gull. Det har ikkje Stabæk, og då må dei nøye seg med å kjempe om medlaje.


Viking kunne ha vore med heilt inn, om dei hadde starta betre. Lillestrøm kunne ha vore med heilt inn, om dei hadde spelt slik dei gjorde i april og mai heile sesongen. Og det hadde ikkje vore ei ulempe å besøkt dommaren si kortlomme litt sjeldnare.


Det er lenge sidan no. 44 år. Bergen har vore tårer, misnøye, sparka trenarar og gullpils som vart sølvpils. Brann har vore veldige dårlege – og veldig gode. Men aldri gode nok. Før i 2007. Brann anno 2007 er det perfekte norske laget.


Trenar Mjelde tek ikkje av. Ikkje ein gong etter å ha slått Lillestrøm 5-1 vil han snakke om gullet. Sjølv om alle veit at det er heime. Og sjølv om alle veit at Mjelde veit at det blir gull.

Håkon Opdal er Noreg sin nummer 1. Martin Andresen er Noreg sin kaptein. Thorstein Helstad er Noreg sin goalgetter. Jan Gunnar Solli var ikkje god nok til Rosenborg, men herjar på høgrekanten i raudt. Vaagan Moen er Beckham på venstrekanten. Erik Huseklepp er ikkje ein god nok.


Og det seier vel litt, når verken Huseklepp, Hassan El Fakiri, Azar Karadaz, Robbie Winters, Eirik Bakke eller Rami Corrales kan rekne med å vere i startellevaren. Då er det klasse. Når du har så gode spelarar i bakhand, ja då kan du snakke om klasse. Når du kan selge Ardian Gashi og Bengt Sæternes, for så å bli eit enda betre fotballag. Då er det rett og slett pur klasse.


Du kan seie at Brann har kjøpt seg gode fotballspelarar. Men du kan ikkje seie at Brann har kjøpt seg seriegullet. For slikt er ikkje lenger mogleg. Sjå berre på Chelsea. For å bli seriemeisterar, må du vinne fotballkampane.


Når dødeleg effektive Brann, når vanvittig kontringssterke Brann, når gullsvoltne Brann og konsentrerte Brann er Brann 2007 – så er det ingen tvil.


Det er berre å rive seg i barten. I irritasjon eller glede. Gullet er heme.

 

Sist oppdatert ( Wednesday 03. October 2007 )
 
nettradiobanner

Copyright vEsti24