|
Tuesday 28. August 2007 |
|
At Bruce Springsteen er tilbake er fantastisk deilig. Men ingenting slår opplevinga av at han igjen har med seg The E-Street Band.
The Boss har skjemt oss vekk med plater dei siste åra. I 2002 kom The Rising, ei studioplate han spelte inn saman med The E-Street Band for første gong på 15 år. Så følgte to plater med andre musikarar. Nebraska-like Devils & Dust i 2005, og coveralbumet We Shall Overcome: The Seeger Sessions året etter. I tillegg har nokre livealbum dukka opp i hyllene, både gamle og nye opptak.
"Radio Nowhere" er første smakebit frå albumet Magic, som er i sal i Norge i starten av oktober. Den nye songen er ein typisk rocka radiolåt, med hissig gitar og eit refreng alle kan synge med på. Springsteen si røyst er som vanleg førsteklasses, og The E-Street Band skuffar heller ikkje. Kjensla av at dei er tilbake er nemleg ubeskriveleg. Bruce Springsteen er ei god vare utan dei, noko han har bevist på album som Nebraska og Lucky Town. Men når The E-Street Band er med, blir alt løfta enda fleire hakk opp. Og best av alt: Clarence Clement får sleppe til med ein saksofonsolo!
"Radio Nowhere" blir ingen klassikar på line med "Thunder Road", "Bobby Jean" eller "Hungry Heart". Springsteen var tross alt aller aller best på 70- og 80-talet. Men "Radio Nowhere" er ein veldig god første singel. Held Magic standarden oppe som album, skal vi ikkje klage. Det kan att på til bli betre enn The Rising.
|
|
Sist oppdatert ( Monday 10. September 2007 )
|