Som eit hausteventyr PDF
Skrevet av Ida Bergitte Andersen Hundvebakke   
Thursday 15. October 2009
Når nokon seier haustmusikk tenkjer eg med ein gong på Ane Brun. Og sidan vi er midt i mørkaste oktober, kunne vel ikkje eit besøk frå ho vore meir passande.

Ane Brun er ute på vegen med sin "Sketches Tour", etter å ha gitt ut ei kritikarrost live-plate med same namn. Med seg har ho svenske Jennie Abrahamson og norske Rebekka Karijord som koristar og oppvarmarar, begge aktuelle med ny plate. I tillegg er Linnea Olsson med på cello og kor.

Dyktige oppvarmarar
Det er Jennie Abrahamson som startar det heile. Når ho startar å spele følast det litt som å vere inni eit ballerinaskrin, slike ein hadde når ein var lita. Rebekka Karijord har ein meir dyster og mørk stil. Ho spelar blant anna ein song ho har bidrege med på den aktuelle filmen ”Engelen”. Begge jentene fungerer perfekt som oppvarming, og greier å setje stemninga før hovudpersonen sjølv går på scena. Det er difor dumt at det kjem ein pause på eit kvarter før dette skjer, heilheitsopplevinga ville kanskje blitt endå sterkare om den ikkje hadde vore der.

Kveldens hovudperson
Så er det klart for ho alle har venta på. Ane Brun liknar litt på ein mystisk alv der ho entrar scena. Ho startar med "My Lover Will Go", som mange vil seie er hennar største hit. Vidare får vi servert ein fin miks av både kjend og ukjend, nytt og gammalt. Det heile fungerer litt som å få ein konfekteske, med berre dei beste bitane. Som ei fin sløyfe rundt eska blir det innimellom songane fortalt små historier om både eufori, gitarar, miljøvern og det å bli ven med sin eks-kjæreste.

Imponerande samspel
Det er koret som understrekar Ane si vakre stemme heile vegen, enten det er leikne songar som "Koop Island Blues" eller ballader som "To Let Myself Go" som blir spelt. Ane vekslar mellom piano og gitaren, akkompagnert av harpe, piano og melodica, som fungerer som ei fin ramme. Det vises at dei kjenner kvarandre godt, og at dei likar å vere på turné saman. I tillegg til vokal og instrument, er også lyssetjinga med å skape ei eventyraktig stemning på scena. Kort og godt, dei frammøtte fekk servert ein liten fest av ei forestilling!

Då eg går ut av konsertlokalet ser eg nok ein gong at vinteren allereie har sett sine spor her i Bodø, og veret verkar alt anna ein haustskjønt. Men eg er likevel glad, for denne konserten har gjort til at hausten smiler endå ei lita stund til meg.


Artikkelen har 2 kommentarer.
 1. bqXuxAMCRQqgmdIR
juulieeinkk, Uregistrert
prednisone 6494 levitra :-OOO accutane dqijd getting high on ultram 773249
 Posted 03.05.2011 kTuesday 02.03
 2. aMbxDvbJmcIeYNmY
PnCommunist, Uregistrert
auto insurance quotes 25788 cheapest car insurance mnlrb cheap health insurance jfc cheap car insurance qvtlk
 Posted 24.05.2011 kTuesday 04.37
Ventus forbeholder seg retten til å fjerne innlegg som inneholder personangrep eller strider mot norsk lov. Vær saklig, og bruk folkeskikk!
Navn:
Tittel :
E-post:
Webside:
[smiley=angry][smiley=cool][smiley=evil][smiley=happy][smiley=laugh][smiley=sad][smiley=shock][smiley=think][smiley=tongue][smiley=wink]
Kommentar:
J! Reactions • General Site License
Copyright © 2006 S. A. DeCaro
Sist oppdatert ( Thursday 15. October 2009 )
 
nettradiobanner

Copyright vEsti24